onsdag 27. november 2013

Dette er Geografibloggen vår. Her kjem det mykje spennande info. Håpe dokke lika den

Her ser dokke eit fantistisk bilde tatt med PhotoBooth av den den flotte heimbygda våra. 
"Årstidene forandrer seg"

Blogges! Edis og Petter

tirsdag 26. november 2013

Innleiing

Hei.
På denne bloggen skal vi skrive om Strandadalen. Vi skal vise topografiske kart og bilde av Strandadalen, og greie ut om kva indre krefter som har gjort slik at landskapet er slik det er i dag. Strandadalen er ein dal i Stranda, Møre og Romsdal. Det er eit område med mange gårdar og også fabrikkar. Dalen går mellom Stranda og Hellesylt.
Vi er fire elevar med navn Petter, Edis, Ingeborg og Natalee som skal jobbe med dette prosjektet.
Dette er her er eit bilde av Strandadalen frå vinteren 2007.

kjelde: www.photosight.org

- Petter og Edis

mandag 11. november 2013

Litt fakta om Strandadalen


Strandadalen er ein u-dal på rundt 14km. Ein u-dal er ein dal med bratte, parallelle sider og er jamnbrei. Dalen er forma av erosjonen etter isbrear. Denne typen dal har fått navnet u-dal ettersom at den har u-form når ein ser den i profil.

I Strandadalen bur det mellom 400 og 500 mennesker. Gjennom dalen er det busetjingar på begge sider av daleføret. Desse er plassert slik at dei skal unngå å bli tekne av skred. Frå Sve og fram til Gjerde/Øyane er det busetjing på begge sider, mens vidare framover Emdal, Fjørstad, Overvoll og Røyr er husa plassert meir variabelt med hensyn til skredfarer.
Strandadalen har to sidedalar på vestsida, Moldskreddalen og Emdalsdalen. I begge desse dalføra er det bygd ut vasskraftverk.

Gjennom Strandadalen renn ei av dei betre lakseelvene i Møre og Romsdal ved navn Storelva.

Mange av industribedriftene på Stranda har produksjonslokale i Svemorka i Strandadalen.
På Overvoll ligg det idag både skytebaner og golfbaner, med dei konflikter det medfører.

Der Strandadalen møter Habostaddalen ligg industriområdet Svemorka på ei av dei større moreneavsetningane i Møre og Romsdal.

Strandadalen vart hovudfertselsåra frå indre Sunnmøre til Nordfjord då tunnelane til Hellesylt vart opna i 1962.

I enden av Strandadalen finn ein den Trondhjemske postveg som går over Ljøbrekka. Dette er ein flott tur som passar folk i dei fleste alderar.

Nokre kjende toppar ved Strandadalen er;

Blåhornet også kalla Fremste Blåhornet, er eit fjell som ligg mellom Strandadalen og sunnylvsfjorden. Nordvest for toppen ligg Heimste Blåhornet på 1354 moh. Toppane kan nåast frå vest eller nord. Mange brukar og gå tur der.

Overvollshornet er ein fjelltopp som ligg på austsida av Strandadalen.Han er 1502 meter høg og er ein del av Sunnmørsalpane

Blåfjellnibba ligg 1451 meter over havet.

-Ingeborg og Natalee

Bergartar i Strandadalen

Bergarten som er i Strandadalen er for det meste gneis, men der er også litt migramitt. 



KFF - Den kaldonske fjellkjedefoldinga

KFF - Den kaldonske fjellkjedefoldinga

Den kaldonske fjellkjeda er ei fjellkjede som oppstod når den Nord-Amerikanske og Europeiske plata koliderte for 400 millionar år sidan, og danna en av dei aller største fjellkjedene som har eksistert i jordas historie. Fjellkjedefoldinga presser det gamle grunnfjellet ned og gjorde slik at havboten skorpa la seg oppå dette.

Den kaldonske fjellkjeda har laga dei aller fleste dalane her i Norge. Strandadalen var også ei kaldonskfjellkjede, men på grunn av erosjon og forvitring etter istida så har blitt gjort om til ein dal.

-Edis og Petter