Landformer danna av elvar

Dette er landformer som blir danna av elvar; V-dal, canyon, jettegryte, ravineterreng (små v-dalar i den marine leira), elvevifte, meanderløp, kroksjø og delta.


I sidedalane som ikkje har vore så påverka av breerosjon kan ein finne dei fleste erosjonsformene. Sjølve U-dalen har også vorte påverka og ein kan finne ein liten v-dal i botnen.


Erosjonsformer som er i øverste del av elveløpet har danna;

Ein v-dal oppstår som ein kombinasjon av både ras frå fjellsider og erosjon i botnen. V-dal får vi av erosjon i laust fjell/ lausmassar. I Strandadalen på veg ned frå Overvollshornet har vi ei elv som har erodert i lausmassen, noko som gjer at vi har fått den karakteristiske v-forma.
Canyon blir danna av elveerosjon i fast fjell, her er det veldig bratte fjellsider på grunn av erosjonen i botnen.



Jettegryter blir danna i botn av elveløpet. Det ligg ein rund stein i botn av gryta som sliper holet. Ein finn også jettegryter på land, dette er fordi landet har heva seg etter siste istid, og det som ein gong var eit elveløp har blitt heva. Folk kan faktisk ha jettegryter i hagen sin, men dei fleste er dekt av lausmassar. Jettegrytene kan bli fleire meter djupe.


Avsetningsformene som er i dei lavaste delane av elveløpet har danna;

Elvevifte finn ein der som terrenget flatar ut, den er smal øverst og brei nederst. Elva har gjerne eit forgreina elveløp i denne vifta, elva skiftar retning heile tida på grunn av lausmassa. Det er veldig fort å danne nye løp.

Somme plassar finn ein elvesletter med meanderløp, det er stort sett der elva er flat.
Meanderløp finn ein der elva går på flat botn. Dei blir danna av erosjon i yttersvingane og avsetning i innersvingane, elva vert då djup i yttersvingane og grunn i innersvingane. Elva flyttar seg fram og tilbake heile tida.
Over tid kan desse meanderløpa svinge så mykje at dei møter seg sjølv igjen, når det tidlegare elveløpet tettar seg igjen blir det danna noko vi kallar ein kroksjø. Ein kroksjø er då altså ein avkutta meandersving.

Delta er der elva kjem ut i stilleståande vatn. Vatnet mistar transportevna og materialet vert avsett. Det grovaste og tyngste vert avsett innerst og det finaste lengst ut.
På eit delta får vi ein bratt bakke som blir kalla marbakke. Elveleiet flyttar seg med tida fra side til side.

I Strandadalen kan ein finne jettegryte, meanderløp, ravineterreng (v-dal) og canyon.





Her er elva som renn gjennom Strandadalen, det er meandersvingar gjennom heile elva.





Her har vi ei jettegryte, bildet er ikkje frå Strandadalen, men ein finn dei også i Strandadalen.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar