Skred og ras

Skred og ras

Jordoverflata er utsett for ein evigvarande fornyingsprosess gjennom forvitring og erosjon. Dei endringane vi ikkje legg merke til er forvitring og erosjon, men dei store og bråe endringane er skred og ras. Skred og ras kan føre til naturkatastrofer ved å ødelegge hus og andre bygningar. Det blir heile tida gjort forskning på korleis vi kan sikre liv og verdiar, men drivhuseffekta gjer vêr- og klimaforholda at det kan bli mange fleire kritiske naturkatastrofer.

Det fins mange typar skred og ras: leireskred og jordskred, og stein- og fjellskred.

Leire- og jordskred

Marin leire
 Leire er små partiklar som er mindre enn 0,002 mm i diameter. I ein typisk botnmorene er omlag ein femdel av massen leire. Leirepartiklane er flattrykte og ser ut som papirark i små bitar. Når leirepartiklane blir avsette i saltvatn, legg det seg saltkystallar mellom dei små flaka. Med tida vil saltet bli vaksa ut når det regnar. Når saltet er vekk kan det vere livsfarleg for folk og dyr å vere i leirjordområde. Tusenvis av folk lev i "utrygge" område i f.eks. Trøndelag og Oslo.

Kvikkleireskred - Marin leire i rørsle
Når saltet er ute av leirpartiklane blir leira ustabil og kan endre seg til suppeliknande kvikkleire. F.eks. under graving og flytting av jordmassar kan det bli mykje trykk slik at leira sklir ut og det blir eit skred. Leireskred har teke mange liv opp gjennom åra. Det katastrofale var i Verdal i 1893 og då omkom 112 menneske.

Strandadalen er over marin grense, så der er det aldri noko fare for at det skal gå leireskred. Marin grense er så høgt havet var under siste istid.

Stein- og fjellskred

Stein- og fjellskred er små eller store steinar som kjem nedover fjellsidene.

I Strandadalen har det gått steinskred, og det kan føre til skadar på både hus og hytter, samtidig som det kan blokkere vegen for bilar. Det er derfor bygd opp høge haugar med jord som skal stoppe eventuelle ras.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar