onsdag 28. mai 2014

Strandadalen

DEL 1

I Strandadalen er det både naturlandskap og kulturlandskap. Store delar av dalen er kulturlandskap, fordi det er ikkje så veldig store områder som er heilt upåverka av menneske. Nærmast Stranda finn vi industriområdet Svemorka. Ved dette industriområdet finn vi også eit lite bustadområde. Dess lenger og lenger inn du kjem i dalen liknar det meir og meir på eit naturlandskap, men for å finne naturlandskap må du opp i fjella. Sjølv om det erstiar som går opp på dei fleste fjella, kan vi kalle det naturlandskap. Du kan drive med rekreasjonsaktivitetar som fjellturar, riding, fiske, golf og jakt. Golfbana i dalen er på ei stor dyrka marka og jaktinga skjer i heile dalen. Det er ein del vatn der og i tillegg ei elv som er god å fiske i. Det er altså mykje forskjellig rekreasjon å drive med. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar