Strandadalen er ein
u-dal på rundt 14km. Ein u-dal er ein dal med bratte, parallelle
sider og er jamnbrei. Dalen er forma av erosjonen etter isbrear.
Denne typen dal har fått navnet u-dal ettersom at den har u-form når
ein ser den i profil.
I Strandadalen bur det mellom 400 og 500 mennesker. Gjennom dalen er det busetjingar på begge sider av daleføret. Desse er plassert slik at dei skal unngå å bli tekne av skred. Frå Sve og fram til Gjerde/Øyane er det busetjing på begge sider, mens vidare framover Emdal, Fjørstad, Overvoll og Røyr er husa plassert meir variabelt med hensyn til skredfarer.

Strandadalen har
to sidedalar på vestsida, Moldskreddalen og Emdalsdalen. I begge
desse dalføra er det bygd ut vasskraftverk.
Gjennom Strandadalen renn ei av dei betre lakseelvene i Møre og Romsdal ved navn Storelva.
Mange av industribedriftene på Stranda har produksjonslokale i Svemorka i Strandadalen.
På Overvoll ligg det idag både skytebaner og golfbaner, med dei konflikter det medfører.
Der Strandadalen møter Habostaddalen ligg industriområdet Svemorka på ei av dei større moreneavsetningane i Møre og Romsdal.
Strandadalen vart hovudfertselsåra frå indre Sunnmøre til Nordfjord då tunnelane til Hellesylt vart opna i 1962.
I enden av Strandadalen finn ein den Trondhjemske postveg som går over Ljøbrekka. Dette er ein flott tur som passar folk i dei fleste alderar.
Nokre kjende toppar ved Strandadalen er;
Blåhornet også kalla Fremste Blåhornet, er eit fjell som ligg mellom Strandadalen og sunnylvsfjorden. Nordvest for toppen ligg Heimste Blåhornet på 1354 moh. Toppane kan nåast frå vest eller nord. Mange brukar og gå tur der.
Overvollshornet er ein fjelltopp som ligg på austsida av Strandadalen.Han er 1502 meter høg og er ein del av Sunnmørsalpane
Overvollshornet er ein fjelltopp som ligg på austsida av Strandadalen.Han er 1502 meter høg og er ein del av Sunnmørsalpane
Blåfjellnibba ligg 1451 meter over havet.
-Ingeborg og Natalee
1) Kort utgreiing om det valde landskapet med topografisk kart og bilde. Veldig god beskrivelse. Nb: Vil vel kalle avsetninga i Svemorka for ei israndavsetning. Husk å oppgi kjelde som er brukt. Saknar topografisk kart her. 2) Indre krefter - kaledonske fjellkjedefalding og temakart over bergartar. Litt kort om KFF. Når vart den danna osv. Set dette i samanheng med bergarten gneis som er grunnfjellet vårt. Til slutt: Husk å stille inn innlegga slik at innleiinga kjem fyrst. Dette skal jo vere ein presentasjon (dvs. ikkje ein "vanleg" blogg).
SvarSlett